Lauvlie hyttefelt
  Finne fram Tomter Bilder Informasjon Aktiviteter Kontakt
  English text
”Utsyn sørover frå hyttefeltet”
NYHEIT,
VIDEO FRÅ HYTTEOMRÅDET.

.

Lauvlie hyttefelt. Tomter til sals.

I innfallsporten til Hardangervidda ligg Lauvlie hyttefeltet høgt og fritt, 950 m.o.h. i nordenden av Skirvedalen mellom Veggli i Numedal og Austbygda i Tinn kommune i Telemark. Her ligg det klare hyttetomter i eit roleg og turvennleg område like i utkanten av eit freda landskapsområde.

Hyttefeltet ligg i ei sør/vestvendt granli, har lang soldag heile året med "kjempeutsikt" til to store vide opne seterdalar: Skirvedalen – mot sør - og Nystauldalen – mot nordvest. Sjå bilder. Det blir bygd ut i to parsellar: Tomtene 7,8,15,16,17,18,19 ferdig med full infrastruktur dvs. privat veg, vatn frå borbrønn og kloakkrensing. Straum og høve til å knyte seg på fiberoptisk breiband ligg klar fram til tomtegrense. Resten av feltet skal byggast seinare. Storleiken på tomtene er frå vel 900 m2 til vel 1500 m2. Det er lagt opp til sal i første omgang

Frå hyttefeltet er det t.d. kort veg før du er inne på snaufjellet – 20 min. Området byr på rekreasjon og aktiviteter. Det er fiskevatn- og elvar i nærleiken, og fine turområde for både små og store bein og ski. Vi kan ikkje ”skilte med” alpinanlegg, men kvar og ein kan finne sine områder å trivast i.



Lauvlie ligg sentralt i høve til der du bur.Det er om lag fem kvarter køyring frå Kongsberg anten ein køyrer Numedal (mot Geilo) om sumaren, eller Bolkesjø/Hovin i vinterhalvåret.

Sjå elles heimesida til Tinn kommune: , der du kan finne linkar til tomteutbygginga og elles interessante sider ved kommunen. Sjå også heimesida til Austbygda.

Meir om Lauvlie når du klikkar deg på fanene på toppen av sida.



Nettstedet er sist oppdatert 28,09,2014
Bildene på dette nettstedet kan ikke gjengis eller på annen måte benyttes
uten tillatelse av eieren av dette nettstedet.
Lauvlie.no
© Copyright Lauvlie.no 2010-2014