Lauvlie hyttefelt
  Finne fram Tomter Bilder Informasjon Aktiviteter Kontakt
  English text

Aktiviteter
   
Opphaldet i Skirvedalen får ein til å slappe av, vekk fra mas og jag. Få tankane vekk frå stresset og jaget i kvardagen. Ein har gode høve til friluftsaktiviteter for store og små med ulike ynskje:
   
Preparerte skiløyper
   
Er du her om vinteren og ynskjer ein tur i "opptråkka" dobbelt-spora skiløyper når ruskevéret ikkje innbyr til fjelltur, er det bare å spenne på seg skia ved hyttedøra og dra ut i terrenget. Du finn opp mot 50 kilometer med godt preparerte dobbelspora løyper. Mange av løypene er enkle å ta seg fram i, andre er meir krevande. Frå hyttefeltet er det ca. 20 min. på ski før ein er oppe på snaufjellet. Det er varierande terreng for ”alle”. Feltet er planlagt slik at det også er plass for aktiviteter i snøen i ”nærmiljøet”.
  Løypa mellom Skirvedalen Fjellstove og hyttefeltet
   
Gaustatoppen - ein kort tur unna
   
Køyrer du ein god time kjem du til Gaustaområdet, og kan gå opp på Gaustatoppen eller ta banen inne i fjellet til 1883 moh. Nyt utsikten over 1/6 av Sør-Noreg før du køyrer ski "på villt" ned til Langefonn og bilvegen.
Etter turen er det ei oppleving å vitje Rjukanbadet, eit topp moderne badeanlegg som er sentralt plassert på Rjukan ein snau times kjøring fra hytta. Ved Gaustablikk finn du eit større alpinområde.
  Gaustatoppen ein dag i september
   
God tur - med fiskestang
   

Ein har gode høve til friluftsaktiviteter for store og små, og til ulike ynskje: Frå feltet er det er kort veg opp bjørkebeltet til nærfjellet eller ein times marsj til Rivsfjell mot vest.

Fjellområdet ligg på 11-1200 moh. T.d. ligg Skirveggen, 1381 moh. Når ruskevéret ikkje innbyr til fjelltur, kan ein freiste fiskelukka (fiskekort) i fleire småvatn i "nærfjellet" og i seterdalane.
Det er også sjanser for å finne molter på fotturane. Eit lite steg inne på fjellet mot aust kjem ein inn på turistløypa, Normannslepa, mellom Dagrøhytta og Lufsjå. (DNT)
I Tinnsjøen, 20 min køyring unna, er det høve til å bade –leige båtar og fiske. Ein kuriositet her er ”Gautesfisk”: ei stor djupvassrøye som det krevs ”sin fiskar” å få tak i. Djupvassrøya fin du på ca 200 meter og nedover. Tinnsjøen er over 450 meter djup

   
   
   
God tur - med sykkel
   
Ta deg ein tur på sykkel. Det finns skogsbilvegar som det er perfekt å sykle med offroader på både i Skirvedalen og ”heime i bygda”. Har du vanleg sykkel går det også fint an å sykle på desse vegane.